Thursday, 14 August 2014

Identitet og undervisning

Korleis blir oppfatninga vår av oss sjølv - og av andre - sett i spel i litteraturundervisninga? Dette blir belyst i ein artikkel i boka Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skriveparksiser (Universitetsforlaget 2012).

Det sentrale omgrepet hos Helle Rørbech og Vibeke Hetmar er "posisjoneringar", og omgrepet blir i denne samanhengen relatert til fleirkulturalitet og undervisning. Artikkelen tek utgangspunkt i Rørbechs doktorgradsprosjekt.

Det vanlege synet er at diversitet i litterært utval og undervisning er nødvendig for å kunna spegla det mangfaldet av bakgrunnar, nasjonalt og etnisk, som elevane har. Artikkelen peiker likevel på utfordringar som ikke utan vidare blir løyste fordi om ulike grupper blir "representerte" og "tematiserte" på denne velmeinande måten. Det er nemleg ikkje sikkert at ein elev i einkvar samanheng er komfortabel med dei "identitetane" som skulen og læraren til einkvar tid plasser den einskilde i. Det er ikkje sikkert at ei jente med pakistans bakgrunn, i alle samanhengar ønskjer å framstå og bli definert innanfor kategorien "muslimsk jente". Kanskje ønskjer ho i staden å framstå som ei idrettsjente eller som ein historie-orientert elev, eller kanskje som pop-interessert 14-åring? 

Artikkelforfattarane markerer skepsis til fastlåste oppfatningar av individet, av sjølvet. I staden er tilnærminga såkalla performativ. Ein ser ikkje kultur som ibuande trekk ved teksten, slik ein ofte gjer i danningsperspektiv. Ein legg heller ikkje først og fremst vekt på den einskilde sin kulturelle bakgrunn som forklaring på ulike oppfatningar. I staden byggjer ein på ein teori om at meining, kultur og identitet er noko som stadig blir konstruert, og som dermed endrar seg i dei ulike samhandlingane individer inngår i.

Eit hovudpoeng er at elevane stadig vil ha behov for å posisjonera seg på ulike måtar. Samtidig vil læraren lett oppfatta elevane på ein stereotyp måte. Dette kan føra til at eleven sitt handlingsrom for posisjonering blir redusert. Eleven blir stadig tilbydd ein og same identitet, men samtidig vil eleven gjerne yta ulike former for motstand mot slik "plassering". I undervisninga vil det då gå føre seg ei stadig forhandling mellom elev og lærar om eleven si posisjonering. Somme gonger vil eleven godta og gå inn i den posisjon som læraren legg opp til, andre gonger vil her skje ei forhandling om posisjon, andre gonger igjen vil eleven nekta å tre inn i den ramma som blir tilbydd. Då går gjerne kommunikasjonen mellom elev og lærar i stå. Eleven svarar kanskje berre "veit ikkje", opponerer eller set i verk "skjulte" mottiltak i form av humoristiske eller ironiske svar.

Artikkelen trekkjer fram nokre korte eksemplar. I ein samtale ut frå eit dikt der siste verseline er "vi er nødt til at ligne hinanden", leier læraren først elevane inn i ein diskurs om sivilisasjon og normer for felleskap. Etterkvart kjem eit svar frå ein tospråkleg elev om kva me har felles; me kan alle tala. Læraren tolkar dette som biologisk forklaringsmodell og kjem sjølv med nytt eksempel - me har også alle ti fingrar. Lærarens biologi-diskurs møter likevel straks elevens forklaring, men nå ut frå ein religiøs diskurs.
"Dreng D: Det er Gud.
Lærer: Det er Guds skyld?
Dreng D: Ja.
Lærer: Okay, nu synes jeg, det blir meget religiøst."

I dette tilfellet blir ikkje forhandlinga sluttført fordi tida renn ut. Vi ser likevel at ulike posisjonar blir markerte gjennom samhandlinga. Frå elevane si side er somme innspel ellers relativt tvitydige - på grunn av humor som gjer det vanskeleg å seia om lærarens tilretteleggingar av elev-posisjonar blir aksepterte eller underminerte av ironi.

Uansett om her herskar ulike oppfatningar om kor stabilt eller flytande individet er, peiker artikkelen på noko vesentleg: Er det føremålstenleg å sjå elevane først og fremst som representantar for bestemte kulturar, nasjonalitetar eller religionar?: "Den enkelte elevs baggrund spiller selvfølgelig med i konstruktionen af identiteter i litteraturundevisningen, men eksemplene fra projektet peger på, at diskurser om nation, religion etc. indgår i forhandlingene om identitet og betydning, og at samspillet mellom litteratur, kultur og identitet må forstås som dynamisk og avhængig af, hvilken positioneringer der genkendes og anerkendes i interaktionen."


Kjelde: Synnøve Matre, Dagrun Kibsgaard Sjøhelle og Randi Solheim (red):
Teroier om tekst i møte med skolens lese- og krivepraksiser. Universitetsforlaget 2012.

No comments:

Post a Comment