Friday, 5 December 2014

Framanderfaring (II) - å forstå den andre


I ei ny bok om kognitiv barnelitterær teori, tek den kjende forskaren Maria Nikolajeva føre seg korleis barn- og unge kan nytta litteraturen som øvingstad for empati, evna til å setja seg inn i korleis tilværet artar seg - frå andre menneske sine perspektiv. Ho drøftar kvifor me i det heile bryr oss om litterære personar - som jo ikkje er verkelege. Ho drøftar kvar kjenslene som lesinga skaper kjem frå, og korleis empati kan veksla med ulike lesemåtar og lesing av ulike typer tekstar.

Med referansar til nyare forsking skisserer Nikolajeva to måtar som me nyttar for å forstå andre menneske. Me er i stand til å simulera andres kjensler ved å sansa andre - faktisk i slik grad at mønstra i hjernen vår liknar mønstra til dei me observerer (eller les om). Dette blir kalla simuleringsteori - knytt til oppdaginga av såkalla spegel-nevronar i hjernen. Den andre måten er at me ut frå meir omfattande og komplekse fortolkingar av korleis andre ter seg, dannar oss ein teori om korleis dei tenkjer og føler, dette vert kalla "theory of mind". For å klara dette, byggjer me på eigne livserfaringar. Eit av poenga til Nikolajeva er at den unge og urøynde lesaren, har dårlegare føresetnader for å forstå andre, nettopp fordi dei framleis har nokså avgrensa røysler med tilværet. Men her er det lesinga kjem inn som ein slags snarveg. Gjennom litterær lesing kan barnet sikra seg opplevingar som, sjølv om dei byggjer på fiksjon, har verdi. Dei fungerer som "vikarierande" opplevingar og kjensler. Dermed kan barnet gjera se viktige erfaringar på område som dei ennå ikkje har hatt høve til å møte i røyndommen sjølv.

Nytten barnet har av dette, kan likevel bli redusert om kjenslene tek overhand. I staden for å lenka frå tekst til liv på måter som gir læring og innsikt, kan barnet komma til å lesa på en så innlevande måte at barnet meir eller mindre opplever seg som identisk med den litterære personen. Barnet projiserer sitt eige liv over på tekstens person, men dette er ikkje det same som empati. Empati har jo å gjera med forståinga av korleis andre har det - ikkje korleis ein sjølv føler. Dermed taper lesaren den kritiske distansen, og med den evna til å uforska det som er framandt - det som er annleis enn ein sjølv.

Mens somme tekstar legg opp til størst mogleg grad av "føleri", hjelper andre tekstar lesaren å oppnå den distansen som skal til for å nærma seg det som er framandt. Ein måte er at teksten gjer det kjende underleg eller merkeleg. Dette vil hindra overdriven identifikasjon, men samstundes halda døra open for empati. Ulempa er at barnelesaren ikke er så godt rusta til møta slik underleggjering, iallfall er barnet avhengig av innlevande lesing for å kunna halda interessa oppe.

Ei hjelp kan då vera at teksten hjelper lesaren ved å vektleggja ein forteljar som kan forklara og dra parallellar, og vera motvekt mot alt for innlevande lesing. I staden for ei miming av røynda sjølv ("showing"), nyttar mykje barnelitteratur nettopp ein slik forteljande "metarepresentasjon" - (eller  "telling").

Nikolajeva skriv at kjensler i litteraturen gjerne blir framstilte gjennom metaforar. Desse "anskueleggjer" kjensler på ein måte som ligg nærare "showing" enn "telling", og dei kan dermed bidra til innlevande lesing. I tillegg til at barn kan ha problem med å forstå somme av metaforane, er alterantivet å lesa tekst som baserer seg i større grad på lesarens "theory of mind". Slik tekst legg til rette for oppøving av empati. Dei fiktive personane lever jo i fiksjonens rom og tid, og lesaren kan dermed "observera" dei, omlag på same måte som me observerer folk i røyndommen. Dette kan begge stader vera komplisert nok, men litteraturen kan uansett vera ei øving. Dessutan får lesaren også demonstrert ein "theory of mind" som er bygd inn i fiksjonen, ved at teksten framstiller korleis ein person forstår ein annan. Eller like viktig: slett ikkje forstår. Her kan ulike synsvinklar sett opp mot kvarandre, i tillegg til forteljarens eventuelle vurdering, gi god trening. Motstridande informasjon vil her også kunna trigga lesaren si merksemd og stimulera til "mind-reading" av høgare orden. Lesaren vil blir stimulert på reisa si frå å vera urøyn - til å bli ekspert-lesar. Nikolajeva viser til Blakey Vermeule (2010) når ho knyter dette til estetiske kvalitetar i teksten. Slike kvalitetar legg til rette for djupe former for "mind-reading". Når eksperimentell forsking (Kidd & Castano. 2013) nå også viser at litterær lesing stimulerer både tenkje-evne og kjensler, er det ikkje vanskeleg å sjå moglegheiter for læraren - den læraren som veit å nytta litterær lesing som viktig del av undervisninga.

Kjelder:
Maria Nikolajeva. 2014.
Reading for Learning
Blake Vermeule 2010.
Why Do We Care about Literary Characters
Kidd & Castano. 2013.
"Reading literary fiction improves theory of mind". Sciens 342.6156: 377-380.
Magne Drangeid 2014.
Litterær analyse og undervisning

Friday, 15 August 2014

Skriving som danning mellom felleskap og sjølv


Laila Aase er mellom dei som i størst grad har tematisert danningsomgrepet i norskfagleg samanheng. Eit av dei seinare bidraga hennar (2012) er ein artikkel som viser korleis skriveprosessar kan verka dannande, både som kreativ utfalding og som utvikling av klar tanke- og argumentasjon. Utgangspunktet er at vilkåra for danning har endra seg på mange vis i det seinmoderne samfunnet. Mange verdiar, oppfatningar og fellesskap, set me i dag spørjeteikn ved, der dei før blei oppfatta som sjølvsagde. Individa er nå opptekne av ei stadig refleksjon omkring både seg sjølv og omverda - og over kva normer og vurderingskriterium som gjeld (A. Giddens). Dette vil likevel ikkje seia at det er umogleg å tenkja inn felleskapen (Svend Brinkmann) - men for skulen tyder det uansett at felleskap og danning er truga. I motsetnad til tidlegare tider er den einskilde fristilt tl å akseptera eller forkasta dei verdiane og den kunnskapen som skulen formidlar. Skulens utfordring blir likevel å halda fast ved formidling av viten, ferdigheiter og dømmekraft/skjønn (Aristoteles: episteme, techne, phronesis).

Når Aase skisserer danningspotensialet i skriving, tek ho særleg utgangspunkt i danske Ellen Kroghs formidling av Michel Focault - og denne filosofens omgrep sjølvomsorg/sjølvforvaltning (le souci de soi). Foucault interesserte seg for både subjektet sitt rom for utfalding og for dei restriksjonane som kultur og samfunn representerer. Den einskilde kan her ta i bruk ulike teknikkar eller teknologiar som opnar for både sjølvrefleksjon, omskaping av sjølvet - og for sjølv-kontroll. Skriving er ein slik sjølvteknologi, og den kan utvikla personlegdommen gjennom både sjølvrefleksjon og kunnskapsutvikling.

Skrivinga har ei dionysisk (eller labyrintisk), leikande, eksperimenterande side,  og ei apollinsk side som er strangare - der individet gjennom systematisk tenking kan læra seg å meistra dei kompetansane samfunnet krev. Det er ikkje tale om ulike sjangrar - meir ulike aspekt ved skriving. Med greske førebilete meiner Foucault at skrivaren kan utvikla seg og forvalta seg sjølv gjennom føring av ulike former for notatbøker - der ein kan samla tankar, sitat, ulike "praksisar" som individet kan nytta i omforminga av seg sjølv. Det er ikkje tale om privat skriving, men heller innsikter og diskursar som i neste omgang kan nyttast i utforming av eigne tekstar. Aase viser til at slike "hefter" var i bruk i Noreg i katedralskulane på 1800-talet. Men kunne ho ikkje også drege liner fram mot våre elevers logg-skriving - eller kanskje blogg-skriving, på sitt beste?

Denne forma for skriving vil kunna formidle mellom individet sin stadige sjølvrefleksjon og omsynet til fellesskapen. Danninga av sjølvet vil då gå i interaksjon med samfunnet - ein vil kunna tenkja inn "den andre" sitt perspektiv i eigne tankar og haldningar. Gjennom både dionysisk og apollinsk skriving, prøver individet ut eit mangfald av stemmer som utgjer kultur og fellesskap, og blir til slutt eit subjekt ved å finna sine stemmer - eller gjera dei til sine eigne. Det er altså tale om ei meiningsskaping som skjer både som eins eigne tankar og som resultat av kulturmøter. Aase meiner slikt syn på skriving kan gje grunnar for skulens breie sjangeropplæring. Elevens skriving kan her vurderast både som eit eksistensielt prosjekt og som "tematisering av skriverens individualitet og hans forhold til verden"


Kjelde: Aase Laila: "Skriveprosesser som danning". I Synnøve Matre, Dagrun Kibsgaard Sjøhelle og Randi Solheim (red): Teroier om tekst i møte med skolens lese- og krivepraksiser. Universitetsforlaget 2012.